Abstract
Knut og Marie går vitenskapeleg til verks. 1H 1D Kjernemagnetisk Resonansspektroskopi blei brukt til å analysera innhaldet i to heimebrygg (Sumarnatt Amber Ale og Vintertid Black Ale). Alkoholinnhald blei avgjort ved å kvantifisera med Vikingfjord 50% Vodka som konsentrasjonsreferanse. Sumarnatt blei fastsett til 4,7 % vol, og Vintertid til 5,3 % vol. Innføring
Kjernemagnetisk Resonansspektroskopi (KMR) brukar dei magnetiske eigenskapane til hydrogenatomet til å sjå på samansetningar av enkle molekyl eller samansetningar av stoffar. Signalstyrken er knytta til mengden hydrogenatom, difor kan KMR brukast kvantitativt. Sidan øl inneheld etanol, og etanol inneheld hydrogenatomar, kan ein bruke KMR til å bestemme mengden alkohol i øl.
Metode
Vikingfjord vodka (50% abv) blei fortynna til 10%.
Ølprøvar blei rista for å fjerne CO2.
Standard 1D NOESY blei utført på alle prøver.
Kvantifisering blei gjort ved å samanlikne areal under grafene.
Resultat
NMR-spekter kan sjåast i Figur 1. Det er hydrogenatomane på karbon 2 (CH3) som gir signalet.
Den utrekna alkoholkonsentrasjonen kan sjåast i Tabell 1.
Tabell 1
Øl Alkoholprosent (%abv)
Sumarnatt Amber Honey Ale 4,6702
Vintertid Black Ale 5,2540
Diskusjon
Alkoholinnholdet i ølet svarer til forventningene, ettersom en viss effekt av inntak har blitt observert for Vintertid, og Sumarnatt bobla minst like lystig under gjæring.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar